Blogginnlegg: Kort om det norske språk i forhold til fonologi, morfologi og syntaks
Vi som har norsk som morsmål, tenkjar ofte ikkje over kva for nokon særtrekk språket vårt har i forhold til andre. Vårt språk er 'norma' for oss, alle andre språk er avvika. Men av og til kan det vere lurt å sjå på norsk med andre auge. Slik står vårt språk fram for dei med norsk som andrespråk.
Fonologi
Vokalar: 18 monoftonger og 6 diftonger. Diftongane: ei, øy, au, ai, oi, ui. Tre fyrste er mest vanlege.
Konsonantar: Tykk l eller retrofleks flapp (konsonantsamansmelting) er vanleg i norske dialektar, men ikkje elles i verd. (Finnes i urdu/hindi.) Fonologisk sett har norske konsonantar ikkje nokon skilnad på lengda. (Lengda på vokalar blir derimot indikert av dobbel konsonant.) Norsk har mange konsonantar etter kvarandre i ord. Dette er noko som ikkje førekjem i fleire andre språk.
Ortografien er lydrett til ein viss grad, men samanhengen frå fonem til grafem kan vere flertydig. (Til dømes har vi fleire måtar å skrive den namnkunnige skj/sj/sk-lyden. Å-lyden kan også bli skrive både som o og å.) Samanhengen grafem til fonem er grei nok.
Morfologi
Substantiv blir bøye i bestemd/ubestemd, kasus (normativ/genitiv) og numerus (eintal/fleirtal). Substantiv har tre kjønn som i mange andre indoeuropeiske språk. Adjektiv blir bøye i grad og genus. Bøygninga er påverka av substantivet dei står til.
Verb har sju bøygningsformer, fire finitte, tre infinitte. Verb er kategorisert som svake eller sterke. Svake verb har gitte mønster. Sterke verb byter vokal i preteritum. (Å gå – går – gjekk.) Vi har både hjelpeverb og hovudverb.
Norsk har sju lukka ordklassar: Pronomen, adverb, bestemmarord (determinativ på bokmål), interjeksjonar, subjunksjonar, konjunksjonar og preposisjonar. Adjektiv, substantiv og verb er opne. Personleg pronomen har bøygning etter subjekt og objekt, ein arv etter norrønt.
Skilnadene mellom bokmål og nynorsk ligg mykje i morfologi.
Syntaks
Norsk er eit SVO språk. Norsk syntaks er veldig streng, eit resultat av at vi har mindre bøygning. Difor indikere vi skilje mellom objekt og subjekt med plassering.Verb må vere andre ledd i ein setning, sett bort i frå dei tilfell kor det er fyrst (fordi setninga ikkje har subjekt). I forfeltetet er det mogleg med variasjon.
Utfordringane minoritetsspråklege elevar vil møte i norsk fonologi/morfologi/syntaks er veldig knytte til språktypologi. Språktypologi er det strukturelle forholdet mellom dei to språk. I dette dømet vil det seie korleis dykkar morsmål er i forhold til norsk. Alle dei særprega til norsk eg har kome inn på, er potensielle utfordringar.
Altså bør undervising i norsk for elevar med norsk som andrespråk ta omsyn til særprega i norsk og særprega til morsmålet. Å setje seg litt inn i generelle trekk ved morsmåla til elevane er ein stor fordel. Til døme har språket somali ikkje preposisjonar, og ein elev med dette som morsmål vil kanskje slite med norsk bruk av preposisjonar. (Preposisjonar er ofte vanskeleg når vi lærer andre språk. Sjølv språk som elles har mykje likt, kan ha store forskjellar i bruk av preposisjonar.) Somali brukar talet av vokalar i eit ord til å markere kort og lang vokal, medan norsk brukar dobbel konsonant. Såleis kan dobbel konsonant vere ei utfordring for elevar med somali som morsmål. samansette ord er ikkje vanleg i alle språk, og kan difor vere ei utfordring for mange elever med eit anna morsmål. (Kva for ein del av det samansette ordet fortel kva det er, til dømes? Kva for ein del av ordet gir bøygninga?)
Elevtekstar kan fort gjere synleg kva for noko aspektar ved norsk ein elev slit med, særleg dersom læraren er medviten kva han eller ho ser etter. Det same kan ein muntlege tekst. Feil som elles verkar litt tilfeldig – til dømes forbyting av vokalar - kan forskjellar i språka ha skulda for. Å sjå norsk litt frå utan og orientere seg om morsmålet kan difor vere veldig viktig. Det kan gjere ein medviten om kva for nokon utfordringar eleven kan ha i framtida, men også kva som allereie er utfordringar.
Takk for at du legger ut nyttig informasjon :) Må lese igjennom dette en gang til når hjernen er opplagt. Men det så i ihvert fall informasjonsrikt i første øyekast.
SvarSlettDu er omtenksom, Camilla! Dette er helt sikkert nyttig repetisjon for mange medstudenter!
SvarSlettFint at du deler dette, Camilla! Det er det nok flere som vil ha glede av! Det å ha kunnskap om elevens morsmål, kan være til hjelp for å forstå de feilene en elev gjør ift fonologi, morfologi og syntaks. Men det er ikke alltid like lett å vite noe om alle morsmål, og da vil det i alle fall være til god hjelp å ha god oversikt over hva som kjennetegner det norske språket på disse områdene, slik du har beskrevet.
SvarSlett